søndag, august 23, 2015

Dagbok 2015: 23.august

Klokka har passert 19.30, og eg kom nettopp inn att frå altanen, der eg har lagt på solseng med lydbok. No var sola nettopp vekk frå soleplassen og det vart litt kjølig, men termometeret på baksida av huset viser + 22 grader C. Det har vore mykje varmare før i dag.
Vi hadde ingen spesielle planar for sundagen, så eg tok like godt og rydda kjøkkenet litt ekstra. Nils syntest vi burde finne på noko, og det tykte i grunnen eg også. Det vart til at vi bestemte oss for å ete middag i Honndalen om ikkje anna. Vi fekk kjølt oss godt ned gjennom alle tunnelane, og då vi kom til Grodås var det litt for tidleg å ete middag, så vi køyrde inn til Otterdal, fann oss ein plass nedafor eit naust og drakk medbrakt kaffi. 
Nils måtte no berre prøve fisketroda. Det var ikkje så varmt der, berre vel 20 grader. Der var ikkje eit menneske å sjå der inne-og ikkje ein lyd å høyre. Vi køyrde eit lite stykke oppover vegen til setra, men det var både bratt og smalt, så vi snudde.
På Raftevoll var der mykje folk, mellom anna ein "motorsykkelbande". Menyen baud på to rettar: sosakjøt og dampa laks. Sosakjøt har vi ete der før, og for oss som fråtsar i fisk, var det meiningslaust å betale 200 kr for eitt stykke laks. 
Det vart til at vi køyrde til Kina-restauranten vår i Volda, der vi fekk nydelig nylaga, gloheit mat, som var godt krydra. Slik vi likar den. Og den herlige serveringsdama er observant. Ho har lagt merke til at eg plar gi Nils litt av risen min, så i dag hadde ho lagt oppå ekstra ris til Nils, og litt mindre til meg. Noko som ho gjorde oss merksam på.
Då vi kom heim på Vallabøen slo varmen imot oss, men vi la oss på altanen og sleikte sol til tørsten overmanna oss. Dette er bonusdagar-og det er berre å nyte dei. 
Men neste gong vi skal på tur, må vi planlegge litt betre. Vi har ein tur i tankane.



2 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest serveringsdame er omtenksam!

Besta sa...

Ja, ho er litt av eit funn!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...