tirsdag, august 25, 2015

Dagbok 2015: 25.august

 
Det blomstrar hos naboen.

Klokka er 19.30, temperaturen er + 20 grader C; det er overskya og nokre regndropar av og til.
Etter mange knallvarme og late dagar, vart det meir aktivitet i pensjo-heimen i dag. Nils for på sjøen klokka 6.40 i dag tidleg, eg stod opp vel ein time seinare, noko som er relativt tidleg for meg.
Husarbeidet har stort sett vore fråverande i det siste, så i dag vart det både støvtørking, støvsuging, golvvask, klesvask etc.etc. Nils kom heim før eg var ferdig. Han hadde fått både lyr og sei, og denne fisken skal vi ha sjølve, for lageret vårt var tomt, med unntak av lange.
Vi har eitt einaste stikkelsbærtre, eit slikt med små blåraude bær. Der var mykje bær i år også, aberet er at dei modnar så ujamt.
I dag bestemte eg meg for å gå laus på dette treet. Det skjer på den måten at Nils klipper greinene og legg dei på hagebordet, og så tek vi det derifrå. Vi sat der ei lita stund begge to -og så begynte det å regne. Vi flytta bordet halvvegs under altanen, og eg sat med regnjakke og lydbok og klipte. Trur eg sat der nærmare tre timar, eller ialle fall meir enn to.Ikkje var det kaldt, ikkje vart eg våt og eg hadde god underhaldning. Den einaste som protesterte var ryggen. Resten av bæra skal få henge på treet, så vi har noko å ete av.Eg har planar om å kjøpe eit stikkelsbærtre til med store gule bær, dei står sikkert på Plantasjen med bæra på no, så kan ein ta smaksprøve. Har ein del rips eg skal plukke også, men der er bær berre på det eine ripstreet, det andre ser sjukt ut.
Mens eg klipte, fileterte Nils fisken.
Nils steikte karbonadar til middag(Gilde) og så hadde vi gode, men små, poteter til. Av å til må vi ha fiskepause.
Eg hadde ikkje noko val, men måtte legge meg på sofaen etterpå, godt inntulla i eit varmt pledd, så får eg håpe at eg ikkje får varig mein.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale av pensjonistmøtet vi skal ha onsdag i neste veke. Mange frå pensjonistlaget er på tur til Færøyane for tida, mellom anna leiaren, så eg føler litt ekstra ansvar. Så no er pensjonistferien slutt. Møta i haust er sett opp tidleg i kvar månad.
Eg håper ikkje sommaren er heilt slutt enno, eg kan hugse fine dagar i oktober til dess, så eg håper på ein nydeleg haust.

1 kommentar:

Elin sa...

Det var ein lur måte å plukke stikkelsbær på! Vi har berre solbærtre no, og i år er det små bær. Dei blir vel fuglemat for det meste, og så et vi rett frå buskene av og til. Elles så tykkjer eg du er veldig aktiv. Og all den fisken kan ein berre misunne dokke...

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...