mandag, august 31, 2015

Dagbok 2015: 31.august.

I dag er det 116 år sidan far min kom til verda. Han vart fødd i Horten, men vaks opp på Skarnes, der far hans var stasjonsmester. Faren heitte Olaus, og det er han eg er oppkalla etter. Pappa sin fødselsdag var ein merkedag i alle år, siste sommardagen, liksom, for 1.september var det skulestart.

Det året pappa vart fødd kom den første bilen til Norge. Det gjekk nokre år før den første bilen kom til Eid. Og pappa var ein av dei som fekk køyre den. Bildet er frå Bjørkedalen. Farmor Hilda sit i det bakerste setet.

Klokka er allereie blitt 19.30, merkeleg kor fort desse dagane går. I dag har det vore opplett og ganske fint. No er temperaturen + 16 grader; vi fekk ei lia stund i sola på altanen før skyene kom att.
Dagen starta tidleg sidan Nils skulle til kontroll hos fastlegen klokka 9.00.
Eg har vore nokså passiv siste dagane, i håp om å bli betre i hofta og ryggen, men heilt bra er eg ikkje. Godt at eg har time på smerteklinikken komande fredag. 
I dag gjekk eg berre og pusla litt f.m., rydda litt her og der  etc. Vi hadde tidleg middag, i dag var det kokt lange. Og etterpå laga eg svelerøre før vi hadde pause. Margrete kom og drakk kaffi og åt sveler med oss mens Amanda dansa. Synest eg begynner å få dreisen på svelene no. Det er kjekt med besøk. Ho kom også med eit par lydbøker som eg skal rippe inn på maskina, så no har eg lesestoff ei god stund.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det har vore ei utruleg utvikling i di levetid. Bil og TV er eit par døme...

Besta sa...

Ingen generasjon før oss har gått gjennom så store endringar som vi. Og vi har takla det bra, det syner mellom anna det faktum at eg som 75-åring sit her med datamaskin, har sertifikat for bil. og har (nesten) alle moderne hjelpemiddel i huset.Mange ting fantest ikkje i det heile tatt for berre få år sidan.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...