tirsdag, juli 18, 2017

Dagbok 2017: 18.juli

Klokka er 21.10, temperaturen er + 15 grader C, og sola skin på andre sida av bygda. Heldigvis har vêret betra seg etter kvart og i morgon er det meldt strålande sol.
Rasmus og eg var aktive først på dagen. Han har visst tenkt å fikse alt som fiksast kan mens dei er her. I dag fylte vi bilen vår med hageavfall og diverse skrot og køyrde bort på VØR og kvitta det der-endeleg vart eg kvitt eføyen.
Så var det Felleskjøpet der eg kjøpte gjødsel, før vi for til Volda for å sjå på ein lampe til å ha over spisebordet i stova. Vi fann ein som vi var rimeleg nøgde med, og eg slapp å tenke på korleis vi skulle få montert den.(Det gjorde Rasmus og Wenche). Siste stopp på turen vår var Amfi der eg var på apoteket og på Bunnpris. Det er ei voldsom lette å få hjelp til det ein ikkje greier sjølv. I tillegg til å vere shoppingassistent han han også fiksa ein lampe i kjellaren, ei skapdør på badet og-ikkje minst- KOMPOSTKVERNA. Han leitar visst etter noko å reparere heile tida. Og det passar oss bra. Han har eit par oppdrag til. Det er ting som Nils har trudd han skulle klare, men kreftene strekk ikkje til- og eg har ikkje kompetansen.
Middagen i dag vart veldig enkel og barnevennleg: Pølser med brød.
Nils la seg tidleg i går kveld, dvs. før midnatt, og sov godt, så han var i bra form i dag. Men ikkje heilt topp-det er vel heller ikkje å vente. 
Utpå ettermiddagen tok Wenche og Rasmus med seg gutane ned på Amfi først og så ned til min gamle arbeidsplass der dei fekk boltre seg med ballspel. Mellombror spelar basket på Kongsberg, og Minstebror har visst også tenkt å begynne med det.
Nils og eg nytta "einsemda" til å slappe av. Eg er tidleg oppe og seint i seng, så eg har behov for ei lita stille stund på dagtid. Og han treng pausar ofte. I dag fekk vi han til å legge seg nedpå etter middag
Det er veldig kjekt å ha besøk, særleg av dei som vi ser så sjeldan. Hadde nesten ikkje tort å håpe på at situasjonen skulle bli slik at dei kunne komme og vere her hos oss denne sommaren også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...