torsdag, juli 27, 2017

Dagbok 2017: 27.juli.



Kokka er18.45, temperaturen er + 17 grader no, men tidlegare var den oppe i 24 grader; då var det litt "lummert". No er det opplett, men det har nyss vore ei lita regnbyge.
I dag er det 55 år sidan vi gifta oss i Bergen. Nokon stor bryllaupsfest var det ikkje. Vi gjorde det enkelt, fordi far til Nils var alvorleg sjuk, og mora hadde det heller ikkje så bra. Far min døde året før, så det var liksom ikkje tid for fest. Ikkje var eg av dei som hadde så romantiske brudedraumar heller. Hadde eit slør, men det tok eg av meg når det leid på. Vi var til fotograf tidlegare på dag.
Den gongen var laks selskapskost, så middagen vart kald kokt laks med tilbehør. Gjestar var foreldre, søsken og forlovarar. Gifte vart vi i alle fall. I dag bestilte Nils laks til middag, det har blitt kvardagsmat etter kvart.
I går klaga eg over at skjora et opp jordbæra våre-ikkje har det vore så mykje av dei heller. Sidan det er eg som styrer med alt i hagen no, så blir ikkje alt som før og jordbæråkeren har fått lide. Men så ringde det på døra og der stod nabo-Solveig med to korger Valldal- jordbær og ein kartong med fløte ! Eg kunne berre takke og ta imot, men det er no så aldeles for gale. Eg reinska bæra, men sparte dei til ettermiddagskaffien. Dei var utruleg gode! Eg foreslo for Nils at ein annan gong kan vi kutte ut halve jordbæråkeren og sette poteter. Han meiner vi kan sette poteter i heile åkeren og heller kjøpe jordbær frå Valldalen.
Sidan Nils skal til Åse neste veke ville han klippe seg i dag. Vi spurde naboen om han kunne køyre Nils nedover i vår bil og hjelpe han inn til frisøren. Det ville ha. Eg blei også med, og fekk hamstre litt mat på Kiwi i Vik, som er i samme huset. Vi hadde ete middag først for å halde på rutinen. Sjåføren spurde om vi hadde andre ærend, og då kom Nils på at Rasmus hadde bestilt reim til klipparen på EIK-senteret, så vi stoppa der og eg var inn og henta reima. Det blei også ein tur fram på Mosflata til industriområdet der og ein tur fram til nyebrua. Den blir bygt tett attmed hengebrua, og skal avlaste Høgebrua. Så vi fekk oss ein tur ut i verda i dag.
Etter at eg hadde ete meg stappmett på jordbør, var eg ut og prøvde meg på hagearbeid, men det varte ikkje lenge før det både regna og bles. No har eg tatt på meg jakke for eg verker litt i armar, skuldrar, hender etc. Eg veit ikkje om det kjem av strikking, hagearbeid eller om det berre er gikt.
Eg har ikkje fått "gjort" så mykje i dag, men det har vore ein god dag uansett.
Og resten av bæra skal vi spare til i morgon!
I kveld skal vi sjå Lothepus i "Allsang på grensen". Kakekrigen har vi sett. Nils har mykje glede av fjernsynet ettersom han ikkje kjem seg så langt.Og somme program ser vi i lag.


.
Dette står i dagboka mi om dagen i dag:" Syvsoverdagen. Regn i dag betyr regn i hele sju uker fremover"  

1 kommentar:

Hildegard sa...

Gratulerer med bryllaupsdagen! Hels til brudgomen!

Helsing oss to i Alleen :)

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...