torsdag, juli 20, 2017

Dagbok 2017: 20.juli


Klokka er snart 23,temperaturen er ca +18 grader no, men før i dag har det vore veldig varmt, men eg sjekka ikkje temperaturen.
Elles har det vore ein innhaldsrik dag, med mykje mat og mange på besøk. Rasmus og eg hadde planlagt at vi skulle bruke restar frå i går og lage pizza i dag. Eg sette i gang med å lage deig til pizzabotnar, mens Rasmus handla inn det vi mangla.
Etter kvart vart kjøkkenet meir som eit pizzabakeri, der Rasmus og eg jobba i våre ansikts sved, bokstaveleg talt, det vart ikkje akkurat kaldare av at steikomnen stod på. Vi vart i alle fall samde om å IKKJE starte pizzarestaurant i lag. Men det gjekk fredeleg for seg.
Øystein og Olaug stakk innom på veg til Saudehornet, det høgaste fjellet her omkring, men som vi ikkje ser frå huset vårt fordi det mykje lågare Vallhornet ligg framfor og stenger.
Etter kvart kom Ingeborg og Erlend innom og då vart det pizza for alle pengane. Vi hadde laga 6 pizzaer, og det var meir enn nok, så no har vi ete til kvelds også. Litt seinare vart det kaffi og is.
Heimesjukepleiaren kom midt i verste rotet, så ho tenkte vel sitt, det var litt ryddigare då ho kom att i kveld.
Eg har vore inne mesteparten av dagen, men Wenche og eg var ute og planta rosa eg kjøpte i går, og hadde utover kugjødselkompost. Men eg orka ikkje å styre så mykje i varmen.
Gjestane våre reiser i morgon, så då kjem det til å bli tomt og stille i huset. Vi har hatt gode dagar, og Nils har hatt det bra . Det er no spesielt kjekt for han med besøk, sidan han ikkje kjem seg så langt. Og vi har fått ordna opp i mykje som vi ikkje greier sjølve. Men eg ser LITT fram til å få rydde opp, har ikkje tatt det så nøye desse dagane.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...