torsdag, juli 13, 2017

Dagbok 2017: 13.juli

Hyttestemning på Rasmus sitt gamle rom.

Klokka er 20.45, og sola skin frå nesten skyfri himmel. Dagen i dag har ikkje vore heilt som vanleg , så eg forstod ingenting då den siste HBO-en kom klokka 20.00. Eg var ikkje komen SÅ langt på dag.
I dag skulle vi bort att på sjukehuset klokka 12.00 -akkurat som i går. Eg prøvde å få gjort litt før taxien kom ein halv time før. Det er reine skire luksusen for oss å få vere på biltur-sjølv om ærendet ikkje er så kjekt.
Vi måtte vente ei stund før vi slapp inn til legen, men på venterommet trefte eg ei som eg jobba i lag med for mange år sidan, det var lenge sidan vi hadde hatt kontakt, men fann fort tonen.
Grunnen til at Nils har vore på CT og til lege no, er at han har fått meir vondt over hofter og rygg enn før, og ville gjerne stråle bort smertene. Derfor måtte han gjennom ei ny undersøking. Kreften, prostatakreft, går sin gang, men har ikkje spreidd seg til anna enn skjelettet, og det har ikkje forverra seg særleg sidan mars månad. Han tok blodprøver også i går, blodprosenten har stige, og infeksjonsverdiane er nesten ingen ting. Ingen av dei indre organa som nyre eller lever er angripne.
Dei skal søke til Åse om å få stråling for smertene, inntil vidare får han sterkare smerteplaster (mitt forslag ) og smertestillande tablettar. Vi var nøgde med det vi fekk vite og så får vi ta imot dei gode dagane-utan å tenke altfor langt framover.
Då drosjen endeleg kom, fekk vi vite at vi måtte dele den med ein annan mann og kona hans. Dei skulle til Åmdalen. Sjåføren spurde om vi skulle køyre rett til Starevegen, eller om vi ville vere med frampå dalen. Sidan Nils hevda at han sat godt blei vi med på tur, eg tenkte det kunne vere kjekt for Nils å få sjå noko anna enn TV-skjermen. Det mest spennande vi såg var byggeprosjektet med ny "Høgebru". 
Då vi hadde sett av åmdølene, fann sjåføren ut at vi kunne køyre Melsvegen ned att, så då fekk vi sjå enda meir av verda. Og god underholdning hadde vi heile vegen.
Med det samme vi kom heim ringde vi til Eirik. Vi hadde snakka med han før på dagen, og avtalt at han skulle komme med ei rammemadrass til oss. No ventar vi nemleg Rasmus med familie på besøk. Det er nesten ikkje til å tru! Vi plar gjere det slik når dei er her at Nils og eg flyttar ned i kjellaren, men det går ikkje no. Derfor måtte eg tenke litt nytt. Eg stolar alltid på augemålet mitt, så eg trudde der var plass til ei madrass på 90 cm, og det var der. Den kunne faktisk vore 4-5 cm breiare. Eirik monterte "føter" på madrassen, det var også han som bar den på plass. Så han fortener stor takk og ære.
Etter at vi hadde ete middag, eit par timar for seint, kvilt litt og drukke kaffi, sette eg i gang med å strekke på sengetøy.(Golvet hadde eg vaska på føremiddagen) No er det ikkje noka stor sak å reie opp fem senger, men eg hadde rydda vekk alt sengetøy og lagra i diverse skap, så eg sleit litt med å finne det eg skulle ha, men no er det i orden. Gjestane får disponere eit rom i hovudetasjen også-ikkje alle skal i kjellaren. 
Rasmus reiser heimanfrå i morgon, men tek ein stopp på vegen. Reknar med at han set att campingvogna der. Vi gler oss veldig til å sjå dei att, alle fem, og håper på fine og gode dagar.
I dag er det eitt år sidan Solveig samla heile storfamilien på Hareid, ein dag som blir ståande i minneboka .

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...