onsdag, januar 14, 2009

Unnskyld, Knut!











Men eg vart ein dag for sein! I går hadde eg ikkje det minste lyst å "kaste ut jula",men i dag, då vi hadde nesten sol, kom ånda over meg, og no er nesten alt som minner om jul vekke.
Eg har ei bok om gamle merkedagar og skikkar som eg har fått med Øystein, den tek eg fram og les i somme tider. Som de ser er det ei litt annleis historie her enn den som Strikkemor(o) har funne om Tjuandedags-Knut.
Etter oppryddinga var eg på kaffibar i lag med to veninner som framleis er yrkesaktive,men som var fri i dag.
Nils var beden til pensjonistkaffi på den gamle arbeidsplassen sin.
Elles vil vi gratulere Roar Jarle med dagen . Han fyller 41 år i dag










5 kommentarer:

arieldog sa...

Har de dansa heile natta, då, nokon? Eller stoppar det opp med uthiving og vekkrydding av julepynt?

solveig sa...

Her har vi tatt det gradvis. Men i dag er det gjort. Treet har stått heilt fantastisk. Eg vert lei av jula første skuledag etter ferien. I "gamle dagar" feira dei vel ikkje advent som no og heldt på lenger.

Hildegard sa...

Trist å kaste ut juletre som framleis står fine, de steller dei for godt, kanskje? Eg var no glad eg hadde pakka saman jula for vi fekk besøk av fetteren til Besten og kona frå Stryn i dag. Det var ei koseleg stund. Eidabesta

Hildegard sa...

Artig å høyre om denne Knuten også.
Kjekk bok å ha, no veit eg kven eg skal spørje neste gong.
Eidabesta

Besta sa...

Mamma fortalde at far hennar heldt greie på alle merkedagar-og spådde veret etter gammal skikk. Det var før vi hadde yr.no
17.januar er det Antonsmesse.-På kontinentet feira dei denne dagen med svinesteik og Antoniusbrød.

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...