søndag, januar 11, 2009

Bok nummer to- 2009

Denne boka av Tove Nilsen har eg lese relativt fort. Den var lettlesen og talde berre 7 CD-ar. Det er to forteljestemmer i boka, Elisabeth og Henry. Forfattaren les begge rollene sjølv, og ho er flink å lese. Likevel ville eg likt betre at ein mann hadde gitt stemma til Henry.Elles kan de sjølve lese om boka ved å klikke på bildet. For dei som kjenner Tove Nilsen frå før er denne boka som dei andre ho har skrive. Ho er velformulert og reflektert. Ei bok som passar betre for kvinner enn for menn vil eg tru.

1 kommentar:

solveig sa...

Denne har eg ikkje lese. Eg har høyrt bøker med henne før, og tenkt at slik som ho tolkar når ho les, kan kun forfattaren av boka gjere.

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...