Året er 1955 og båten tek inn sild utanfor Florø. For dei som ser ekstra godt er det mulig å finne Nils.Det var ikkje vanleg å fiske sild på dagtid, men dette var eitt av dei store sildeåra, så det vart fiska døgnet rundt.Denne gongen vart det full last.Alle ombord hadde heimestrikka vadvottar(sjyvottar).
3 kommentarer:
Interessant bilde. Inger på Nesje fortalde at om vintrane låg fiske-båtane tett i tett på tvers av ytre del av Olderbukta, mellom Nesje fyr og Olderveggen. Det var eit fantastisk syn når mørket berre var opplyst av lanternene/lyktene frå båtane. Dette var før dei fekk veg og el. til Nesje. Fiskarane låg i sjøbuder på Novelandet (morfaren min var der), og bygdene i nærleiken. Vi fekk kasser med sild frå Måløy. Silda vart hengd opp på låven til tørk. Herleg sommarmat i slåtten! Eidabesta
Eg greier ikkje å sjå kven som er pappa!
Pappa greier det ikkje sjølv, men han hugsar han hadde "Olufhue"-trur han står bak dei andre.
Legg inn en kommentar