Klokka er 17.10, temperaturen er + 6 grader C, og regnet og mørkret har kome tilbake, akkurat slik dei sa på vêrmeldinga i går.
Marit var ikkje i form til trening i dag, og eg venta Einar på besøk, så derfor "skulka" vi.
Eg vakna tidleg i dag, men nekta å stå opp, og jammen greidde eg å sovne igjen. Føremiddagen gjekk med til litt matlaging etc. Litt tid vart det også til å studere spansk på nettet og drive med andre nettsyslar.
Einar kom som han hadde sagt klokka 14.30. Då vart det kjøttkakemiddag igjen, det er ei stund sidan sist. Hadde så mykje kjøttkaker i frysaren at eg slapp å lage nye. Det er sjeldan eg lagar skikkelig middag, derfor smakar det ekstra godt dei gongane eg gjer det. Etterpå hadde vi kaffi og is …..same procedure as usual.
Vi har alltid mykje å prate om når Einar kjem, og det er kjekt. Dagane og vekene går fort og i morgon er det fredag igjen. Laurdag får eg besøk av Margrete og ungane. I morgon har eg ingen spesielle planer, men eg kjem kanskje til å vaske litt. Og så må eg kanskje ein tur på butikken.
Resten av dagen/kvelden blir det å lese bok, sjå TV og kanskje strikke litt. Har planer om eit litt større arbeid-eg treng ikkje å stresse med det. Det er langt opp og fram.
I kveld klokka 22 går eg inn på Møre-Nytt på data og hentar ut sudokuen-det er like spennande kvar gong, men til denne tid har eg løyst alle.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
DAGBOK 2024: 19. APRIL
Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar