Klokka nærmar seg no 19.00, det er + 3 grader C ute, og det er mørkt for lengst. Alle snakkar om denne mørke vinteren, men i dag såg eg glimt av sol i skyene. Dersom det klårnar opp kan eg få sol i stova neste helg, og då er det verste unnagjort når det gjeld vinter og mørketid.
I går kveld sat eg oppe ganske lenge, og sov tilsvarande i dag morgon-det passar veldig bra for meg.
Men føremiddagen vart kort, og lite og ingenting var gjort, men det er heilt OK.
I dag har eg høyrt radio, sett TV(opptak) og lese bok. I tillegg til at eg har ei tid på datamaskina kvar dag. På ettermiddagen kom Marit ned ein tur, såpass eg fekk koke kaffi, så no blir eg vel oppegåande til langt på natt. Som sagt har eg ikkje gjort noko fornuftig i heile dag, men det kan hende eg legg opp eit strikketøy i løpet av kvelden-når eg har lese ut boka mi. I morgon trur eg at eg må gjere noko nyttig - eller komme meg ut ein tur.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar