tirsdag, januar 14, 2020

Dagbok 2020: 14.januar

Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +4 grader og det er framleis vått og grått. Vi som bur oppe i bakkane treng ikkje tenkje på "vannstanden", her renn det unna og det er langt ned til fjorden. Ergo veit eg ikkje korleis det står til nede på kaiene.
I dag stod eg opp i rimeleg til for å ha litt å gå på før eg skulle vere på treninga klokka 10. I dag vart det litt meir intens trening enn sist, for der var ikkje så fullt. Eg trena i vel ein time.  I dag handla vi ikkje etterpå, men eg var bort i containerane på bensinstasjonen og leverte frå meg kleda eg skulle donere. Eg må sikkert reinse kleskapa meir for å få lov å kjøpe noko nytt.
Då eg kom heim måtte eg ta ut or tørketrommelen og legge i hop klede, eg saga litt ved og fyrte i omnen og las litt i avisa. Så tok eg meg saman og begynte å repetere alt vi har lært sidan vi begynte på spanskkurset i fjor på denne tid. Det tok si tid, og enkelt er det ikkje å hugse alt ein lærer når hukommelsen ikkje lenger er på topp. Men eg håper at litt trening av dei små grå kan vere av det gode. Eg ser fram til å møte spansk-vennane mine i morgon, og å drikke kaffi på Bakk-Ola-marka.
Då eg var ferdig med spansken laga eg meg mat og åt. seig eg ned i godstolen med ei bok, men eg trur ikkje det gjekk mange minutt før augene datt att. Eg sov berre nokre få minutt, men slappa av ei god stund før eg sette på TV. Der såg eg m.a. Filmavisen frå 1962. Det er no ikkje så lenge sidan, tenkte eg, det var det året eg var ferdig på lærarskulen og gifta meg osb. Ja, kor lenge er det sidan? 58 år! Er det mulig?
Eg har tatt fram diverse garn og tenkte eg skulle strikke LITT innimellom-men har ikkje funne mønster enno til det eg tenkte. Kanskje på nettet? Eg har gitt bort alle strikkehefta mine, dei som handla om baby-klede. Eg trudde vel den tida var forbi, men når ein er så heldig at ein skal få bli oldemor, så må ein jo strikke litt til det barnet også. No er det berre spennande om han kjem på 80-årsdagen min.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...