Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 3grader C og ute snør det aldri så lite, ikkje snø som legg seg , trur eg. Men eg likar det ikkje. Og så såg eg korleis det var på Eid i dag ,når kronprinsen og son skulle vere der og ro vikingskipet.
Vi får vel sjå det i nyheitene om ei lita stund. Her har det vore snøbyger rett som det er, men trur ikkje snøen blir liggande. Eg hugsar eit gammalt ordtak:"April snø og mai kulde, gjør bondens løer fulle". Så er det kanskje eit godt teikn at vi får litt snø i dag. Men ikkje så heilt greit for kronprinsen og sonen som skulle til Eid og segle og ro med vikingskipet.
Korleis veret er på Kongsberg eg veit eg ikkje, men eg håper dei har ein fin dag, sidan Wenche har fødselsdag og fyller heile 60 år. Gratulerer Wenche!
Eg har ikkje gjort det skapte grann i dag-ut over det heilt nødvendige, eg har berre lata meg, ete etc. Men så har eg vore oppe hos Marit og prata med henne ei lang stund. Vi set pris på desse pratestundene både ho og eg.
Eg håper verkeleg at veret blir litt betre, for eg har noko som eg må ordne i hagen før sommaren kjem. Det er vel ikkje så mykje eg får gjort med desse elendige hendene mine.Men litt greier eg no-
I dag skulle eg ha gått tur på Vernet, men det orkar eg ikkje i dette veret. Det er vondt å sjå på kor det snøar ned i dei fine grøne trea, eg håper at det sluttar å snø.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar