Klokka er no 17.10, temperaturen ute er +4 graderC , og det er overskya, litt trist ver eigentleg.
Eg gjekk no her heime åleine og styrte. Det var ikkje så mykje å finne på anna enn å lage litt mat og rydde i huset. Men så fann eg på å lage middag, i dag vart det svenske kjøttbullar i norsk bernaisesaus, det vart i alle fall betre enn den ferdigkjøpte maten. Elles har eg ikkje gjort mykje, for handa mi har ikkje vore så god.Men ho kom seg litt etter turen.
Etter at eg hadde ete middagen, tok eg meg sammen og gjekk ein tur på Vernet. Det er eg glad for, for i dag møtte eg ei dame av den sorten som likar å snakke med frammande, så det vart eit nytt bekjentskap. Eg trefte ei anna og , ho kjende meg, og eg trur eg kjenner henne, men eg kjem ikkje på kven ho er.
Det gjorde i alle fall godt å komme ut litt, og så håper eg vi kan få ute-ver no ei stund, så eg får rydde opp i hagen.Eg blir fort lei av å gå inne heile tida-når eg ikkje får strikke.
No skal eg gå ut på kjøkkenet og tømme oppvaskmaskina, og så blir det vel noko å sjå på TV i løpet av kvelden.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar