Klokka er no19.50, temperaturen ute er + 10 grader C. I heile dag har det vore litt grått og trist, men klokka halv åtte skein sola på altanen,- men det er slutt no.
Dette har vore ein litt sløv dag for meg, har ikkje kome meg i gang med noko særleg. Eg har no tatt onsdagsvasken etc, men det er no ikkje så mykje: men nok når ein er handikappa. Ja, handa mi er ikkje så veldig låk lenger, men ikkje heilt i orden heller.
Eg var ute og gjekk ein liten tur med Marit; og så var eg oppe med henne ei stund etterpå. Her heime vart eg sittande å sjå TV, men det var ikkje kjekt. Eg syntest det hadde blitt litt fredelegare i verda ei stund, men no er det full krig igjen. Eg blir så fortvila over dei som styrer i verda , at dei ikkje jobbar for å få fred, men stadig finn nye ting å krangle om. Krangle er vel ikkje det dei gjer mest-men skyt og drep folk heile tida , det er så utruleg umenneskeleg. Eg kan ikkje halde på å sjå alle nyheits-sendingar for då blir eg heilt sprø-.
Eg ser fram til fredag , for då kjem Solveig ein tur innover.Kanskje skal vi sjå på nye briller til meg? Det var i fjor eg tok synstest før eg fornya sertifikatet, men eg kjøpte ilkkjer briller då, for dei gamle var gode nok. No er dei litt sltne, eg ser godt i dei enno, men kanskje enda betre i dei som eg skal ha vidare.
Kan de sjå at det er krokus i plenen også.?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar