Klokka er no17.06, temperaturen ute er +17-18 grader C. Det er ikkje så mykje sol, men det er skyene sin feil.
I går planla Marit U og eg at vi skulle fare på VØR med hageavfall i dag. Sidan eg er bil-laus for tida skulle vi fare begge i Marit sin bil.
I går kveld la vi siste handa på verket, dvs.klipping av hekk.Eg vakna og stod opp i 6-tida i dag, og var framleis veldig låk i handa mi, men etter at eg hadde ete frokost gjekk eg og la meg igjen og sovna. Då eg stod opp for andre gong var eg heilt i orden. Det var flaks.
Vi fekk alle sekkane våre inn i bilen og Marit køyrde til VØR, der vi heiv frå oss alt hagebosset vårt. Neste stopp var ALTI, Marit skulle kjøpe noko, men først måtte vi ha ein kaffi-kopp og eit Wienerbrød. Det var godt etter alt strevet. Eg var også på Bunnpris og handla mat til meg sjølv, så slepp eg å gå på butikken her. Kjekt å handle på andre butikkar somme tider.
Då eg kom heim laga eg meg eit måltid og etterpå gjekk eg opp til Marit G som sat ute på Platten. Etter ei stund tok eg meg sammen og gjekk eg ned og fekk vekk litt av eføyen som veks på tilbygg-veggen. Det er samme jobben kvart år, og det verste er at eg er allergisk mot eføy-det er det einaste eg er allergisk mot i heile verda ,trur eg. Eg er langt frå ferdig med jobben, for eføyen veks gjonnom veggar og sprekker.
Grunnen til at eg planta den eføyen, var at Nils ikkje hadde lyst å begynne å ha "støype" utanpå veggane. Då var det eg som kom på at vi kunne kle veggane med EFØY i staden - så det vart det.
Vi har nydelege dagar denne våren, varmt og fint-heilt utruleg eigentleg. Dei som har vit på det er nok ikkje så begeistra for dette veret. Men det bryr eg meg ikkje så mykje om.
I dag er vi komne til fredag igjen, og i morgon skal eg kanskje på tur med Margrete.
Eg vil ønske alle som er innom ei fin helg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar