Klokka er no 20.33, temperaturen ute er+4 graderC og i dag har det vore lite sol å sjå. Eg har vore mest inne og gjort minimalt, for eg var ikkje så god i hendene mine. No er hendene betre og eg håper dei blir bra i morgon for då må eg komme meg på butikk. Eg har rikeleg med mat, men ikkje alt eg treng likevel.
I dag har eg ikkje gjort mykje, men har no vaska klede til dømes.Eg fekk liksom ikkje inn i hovudet at det var helgedag, i dag. Tenkte meg en tur på Vernet, men det vart heller ikkje noko av- No har eg vore oppe hos Marit ein tur, er ofte der tidleg på kvelden.
No skal eg hente opp klede som er vaska og tørka i kjellaren. I morgon er det kvardag igjen, så då må eg komme meg på butikk på ein eller annan måte- det er ymse ting eg har gått tom for, eg får lage meg ei liste. Men om eg ikkje kjem meg på butikk så svelt eg ikkje i hel av den grunn, for her er ikkje heilt tomt i skuffer og skap. Eg saknar bilen min og håper Rasmus får den på vegen igjen med tid og stunder.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar