Men då det leid på dag fann eg ut at eg ville lage middag, eg hadde litt spekesild liggande, og eg hadde poteter og litt gulrot.Så det blei eit herremåltid for meg . Eg brukar å lage kålstuing , men i dag vart det gulrot i kvit saus. Eg vart i alle fall mett og veldig tørst. Så då eg gjekk opp til Marit litt seinare, tok eg med meg den store Zalo-flaska mi.
Eg har altså ikkje gjort nokon ting i huset i dag, men eg kan no ta imot barnebarn med andre , for eg har alltid kaffi og is.
No vart det så bra at eg fekk lyst å gå ein tur på Vernet, men eg trur eg ventar til i morgon ein gong. I morgon kjem Ingeborg på besøk, det har ho sagt og det ser eg fram til. No håper eg at det blir bra program i TV i kveld.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar