Klokka er no 18.48 , temperaturen ute er +7 graderC, det er overskya og skodde langt nedetter fjellsidene. dette er ikkje slikt ver som eg likar, så i dag har eg halde meg inne. Egskulle liksom ha vaskedag, og vaska har eg gjort, men ikkje så mykje. Eg vaskar ikkje heile huset kvar veke, men berre romma vi brukar.
Eg skulle så gjerne ha gjort meir hagearbeid , men det frista ikkje å vere ute i dag. Det var litt dumt, for ei dag har eg vore bra i hendene og armane mine. Eg trivst best når eg har noko å jobbe meg, så eg håper kvar dag på at hender og armar skal bli betre. Men eg er komen i ein alder der ein ikkje kan forvente å vere så arbeidsdyktige. Men noko klarer eg vel.
I dag skulle eg vaske hus, men det er ikkje så mange rom som er i bruk, så det var fort gjort. Klesvask vart det også, men det er det maskinene som styrer med. Eg tørkar kleda i tørketrommelen no. Så er det berre å legge i hop.
I min ungdom hadde eg lærarpost i ei bygd nær Førde. Der hadde dei ikkje fått elektrisk lys på den tida. Det var litt spesielt for meg, men det gjekk bra. Der fyrte vi opp i vedhuset når vi vaska klede og og kokte kleda i ei stor svart gryte. Det gjekk bra det også. No saknar eg å kunne strikke, for når ein har eit strikketøy har ein alltid noko å henge fingrane i.Men eg trur det blir lenge til eg kan begynne å strikke igjen.
I morgon ettermidag kjem Solveig ein tur, då får eg handle det eg treng av mat etc. for neste veke. Rasmus jobbar med bilen min, men det tek si tid, han må no vere på jobb innimellom.
Skodda ligg langt nedetter fjellsidene, det er typisk her, for det blæs så lite, hadde her vore vind hadde skodda blitt borte. Men vi har hatt mange fine dagar denne våren og fleire blir det, får eg håpe.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar