søndag, april 12, 2026

                                                                      Akkurat no
 Klokka er no 19.57, temperaturen ute er +5 grader C, og det er overskya , men opplett. Eg har ikkje vore ute og gått i dag, men eg trur veret har vore bra.

I dag hadde eg ikkje så mykje eg måtte gjere, så eg tok meg god tid med avisa og las om Erlend og dei han spelar i lag med. Det var artig å lese, men eg stussar litt når dei skriv at Erlend bur i kjellaren til bestemora.Det er no sant på ein måte, men eg vil presisere at Erlend bur i ei godt utstyrt leilegheit i huset mitt, han har til og med oppvaskmaskin.

Solveig skulle komme innover i dag og ta meg med på handel. Eg hadde no ikkje så mykje eg mangla, eg var på handel tildlegare i veka. Men jammen vart det kjøpt litt i dag også. Og Solveig finn saker og ting som eg ikkje veit om; då tenkjer eg spesielt på mat No har eg fått i hus eit par rettar som eg ikkje har smakt før. Så no blir det spennande.

Solveig kom i den nye El-bilen deira, så då fekk eg oppleve den også, det er ikkje første El-bilen i familien. Og i slike urolege tider kan det vere trygt å ikkje vere avhengig av bensin og olje.

No håper eg det blir ein litt kjekk TV-kveld utan for mange krigar og ulukker etc. 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 12.april

Klokka er no16.20, temperaturen ute er19 graderC-og sola skin. Litt tidleg å oppsummere dagen, men om det hender noko heretter så kan eg no ...