Klokka er no16.20, temperaturen ute er19 graderC-og sola skin. Litt tidleg å oppsummere dagen, men om det hender noko heretter så kan eg no berre plusse på. Idag var eg litt skeptisk då eg stod opp, for armane plaga meg då eg la meg i går kveld; heldigvis var dei betre i dag.
Eg hadde noko kjøt som eg ville bruke opp, så eg laga ei suppe av poteter, grønsaker etc. Eg trudde ikkje den skulle bli så god, men eg er ikkje kresen, og eg vil nødig kaste mat. Eg ville gå ein tur på Vernet og så kunne eg ete suppe når eg kom heim.
Der var fint på Vernet i dag sol og vind, og der var folk ute og gjekk, men ikkje så mange. Då eg kom opp trappa på bildet kom eg i prat med ei eldre dame og vi snakk om alder etc. Så kom der ei anna litt eldre dame og vi prata og prata, og fann ut litt av kvart. Då eg sa at eg var frå Eid, fortalde ho at ho hadde jobba i lag med Hilde-mannen hennar var prest og dei hadde budd i prestegarden-"der har eg også budd" kunne eg fortelje og sånn gjekk det til vi var blitt ganske godt kjende og eg hadde fortalt at eg jobba i lag med far hennar, eg kjende mora også. Det var kjekt å bli kjent med den dama, og eg fekk sendt helsing til far hennar som eg ikkje har sett på mange år. Han er godt over 90,men køyrer framleis bil og går fjellturar.
Når eg går desse turane mine er det ikkje berre for trimmen, men eg møter folk eg kjenner eller har kjent eller blir kjent med, så får eg noko nytt å tenkje på. Når ein er gamle og held seg mest heime,kan det bli litt stussleg somme tider, eg saknar å vere meir i lag med folk og i veka som kjem skal det vere pensjonistmøte på Kulturhuset, og då kan eg gå. Ja, eg må kanskje GÅ,men Marit og eg snakka om å spleise på drosje. Vi får sjå kva det blir til.
Så er tida komen for at desse blomstrane pyntar opp i plenen opp mot gata. Eg hugsar aldri kva dei heiter og eg har aldri planta dei. Kvar dei kom frå veit ikkje eg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar