søndag, september 27, 2009

Kongsberg sundag.


Det vart ikkje så fint ver i dag som i går.I dag har det vore overskya, men opplett.Vi har stort sett halde oss inne, laga mat, ete og prata.Gutane får besøk av kameratane til Eivind og er flinke å sysselsette seg sjølve.Dei synest det er kjekt å vere heime og styre med leikene sine og med data.Ei økt på trampolina har det også blitt.I morgon må W. på jobb, så då får vi andre finne på noko også.Dette blir som ein liten dagboksnotat sidan eg ikkje har dagboka med meg.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her fekk vi endeleg sjå sola i dag og asfalten tørka opp ei lita stund. Likevel har det regna mest.

Hildegard sa...

Fint på ettermiddagen her i dag, så det vart ein liten trimtur. Ikkje rart at de kosar dykk på Kongsberg. Kjekt å vere i lag med Rasmus og familien hans, vil eg tru.
Eidabesta

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...