tirsdag, september 29, 2009

Heimreise.

Her er det strålande sol i dag og, men ikkje varmt. Ca 11 grader på føremiddagen, så det er om ikkje ver-så stort temperaturomslag. Vi hadde tenkt å besøke både den eine og den andre mens vi var her aust, men venninna mi i Fredrikstad er på tur til Berlin, så dit er det ingen vits å reise.Så hadde eg tenkt at vi kunne reise om Oslo, treffe Audun og så besøke Ellen Marie på Skedsmokorset, før vi tok Strynefjellsvegen heim. Men så ser og høyrer vi om glatte vegar og snø både her og der, og om bussulukke.Vi har sjølvsagt berre sommardekk på bilen, så no sit vi nesten landfaste her sør.Det einaste som er sikkert er at vi tek på heimveg i morgon ein gong, og så får vi sjå kvar vi endar, ikkje i grøfta får vi håpe.Trudde ikkje det skulle bli slike problem så tidleg på hausten. Nils har sjølvsagt lyst å ta vegen over Hemsedal, mens eg alltid har lyst å ta "omvegar".Same procedure as every year....

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Trasig med bussulukka i dag tidleg/natt. Ein trur at å ta bussen er trygt, men det kan skje ulukker der også - utan at omfanget er så stort som ved fly,båt,tog - kanskje?
Uansett - køyr i dagslys og køyr forsiktig, så går det nok bra.
Eidabesta

Elin sa...

Eg ville ha reist meir austover...til det mildnar her i vest. Det er vel ikkje noko som "brenn" der heime? Jaja, de har no bestemt dokke, så det går heilt sikkert fint, og det kunne ha vore mykje verre!

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...