Elendet begynte først då vi var komne gjennom Fodnestunnelen. Det regna trollkjerringar og etter kvart gikk regnet delvis over i sludd. Og slik var det resten av turen. Vi køyrde rundt Austefjorden og stoppa ei lita stund hos Margrete.Her heime hadde vi slått av all varme før vi reiste, så her var det + 10 grader i huset. Ikkje akkurat det vi her i Ørsta kallar fjelgt.
Samme om dagen i dag vart litt av ein baksmell når det galdt veret, hadde vi i alle fall nokre fine dagar ausanfor fjella.
2 kommentarer:
Artige bilete av "gutta"! Og kjekt å sjå dykk att, sjølvsagt!
Kjekt det gjekk godt på heimvegen. Trasig å sjå snøen langt ned i fjellet, men vi håper at vi får betre ver i okt. Til helga byrjar haustferien i vårt distrikt.
Eidabesta
Legg inn en kommentar