torsdag, oktober 01, 2009

Livleg voksduk.




Vi har ikkje så mange måtar å pynte opp kjøkkenet vårt på, så det einaste blir ein ny voksduk i ny og ne.Denne kjøpte vi i Kongsberg, og når ein har einsfarga kvite gardiner, går det nok bra.Dessverre hugsar vi alltid (begge to) feil mål på bordet.Vi TRUR det er 140 cm, mens det i røynda berre er 120.Derfor endar vi alltid opp med for store dukar.
No må vi vel snart lære?
På Husfliden på Gol kjøpte eg garn til selbuvottar, så får vi sjå om det blir noko av DET prosjektet.

4 kommentarer:

Alt godt sa...

Men voksdukar er jo greie sånn, det er berre å klippe dei av. Restane kan du bruke til brikker. :-)

Besta sa...

Sant nok, men eg er redd brikkene vert litt for små.Den gamle voksduken skal i alle fall bli "hyllepapir" i diverse skuffer/skap.Gjenbruk er tingen.

solveig sa...

Fin duk! Lyse fargar lyser opp no om hausten!

STRIKKEMOR(O) sa...

Fin duk, ja! Og det blir spanande å sjå kva du skal strikke av garnet ;-)

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...