mandag, september 14, 2009

Stortingsvalet 2009.


Vi har enno ikkje røysta; Nils skal vere vakt i vallokalet frå klokka 16.00, og då kjem vi til å røyste rett før det.Eg har bestemt meg no for at eg vil stemme som eg alltid har gjort. Viss vi ikkje får raud-grøn regjering, har eg planar om å emigrere. Eg vil ikkje bu i eit land som blir styrt, heilt eller delvis, av Frp. Eg vil bu i eit land som har offentleg skule, offentleg helsevesen og fellesskapsløysingar på det meste.Sjølvsagt skal det vere lov med private bedrifter, men det er det ingen som er imot.Norge er verdens beste land å bu i, så kvifor skal vi skifte system? Nei, det vi skal gjere er å få dei offentlege tilboda enda betre. Så vil eg krysse fingrane for at vi framleis er raudgrøne når vi vaknar i morgon.Godt raud-grønt val!!!!
Unnskyld at eg stal bildet ditt,Margrete, men eg fann ikkje noko anna.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Eg stal det eg òg - eg har ikkje vore på møte!

Besta sa...

Det vart til at vi var nedover og stemte før middag, så no er det gjort.Vi stemte som vanlig, litt taktisk frå mi side.Kyrkjevalet skippa vi, altfor lite informasjon om kandidatane.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...