torsdag, september 24, 2009

Livs beste eplekake.


Liv beste eplekake:
Deig:
400 gram smør eller margarin
8 dl kveitemjøl
10 ss vatn
1 ts eddik

Fyll:
10 eple
200 gram rosiner
100 gram hasselnøtter
sukker
kanel
2 egg
2 beger rømme (= 6 dl)

Deigen lagar du slik: Smuldre saman smør og mjøl, ha i vatn og eddik og rør raskt saman til ein deig(eller bruk foodprosessor).
Trykk deigen ut i ei stor langpanne.
Reins epla og skjer i båtar.Legg eplebåtane jamnt utover deigen,strø over nøtter og rosiner, sukker og kanel.
Rør saman egg og rømme og slå over.
Steik kaka på 200 grader midt i omnen. Steiketid ca 40 minutt.
Server kaka lunka med krem.


Denne eplekakeoppskrifta vann 1.premie i ein konkurranse i Ukebladet for mange år sida.Det var Liv Solveig Brendefur frå Nordfjordeid som hadde sendt inn oppskrifta. Eg har laga den nokre gonger, og den er virkelig god. Prøv denne og du vil ikkje angre.Ein fordel med denne oppskrifta er at ein kan bruke Fruktose i staden for vanleg sukker og såleis tilpasse den til diabetikarar.(Ein kan sikkert også bruke kunstig søtstoff.) Og så kan ein strø på mykje eller lite sukker alt etter smaken på epla.

10 kommentarer:

solveig sa...

Den liknar på ei eplekakeoppskrift eg har som heiter "Hannes eplekake", men der er sammale mjøl i botnen.

Besta sa...

Eg har også oppskrift på Hannes eplekake, men den er i rund høg form. Denne er heilt flat, med forholdsvis mykje eple.
Men smaken kan vel likne.

Besta sa...

Ikkje alle er like glade i eplekake. Det var alltid nokre av elevane mine som spurde om å få lov å lage eplekake utan eple.

arieldog sa...

Viss det er den eg trur, er den nydeleg. Her i huset er det alltid ein del om og men når det gjeld nøtter, mandlar og rosiner, og då blir det enkle oppskrifter!

Besta sa...

Denne kaka kan ein lage utan nøtter og rosiner, den er god likevel.Det eg likar med den er at ein ikkje treng å ha så mykje sukker i, og så at der er mykje eple.

solveig sa...

De veit kva eg plar seie: Det finst tre typar elevar 1. Dei som ikkje vil ha eple i eplekaka.2. Dei som et eple i eplekaka 3: Dei som spør om krem til!
Vi har laga vaniljeis som vi skal ha til eplekaka neste vek på skulekjøkenet.

Elin sa...

Morosamt at det er ei lokal dame som har sendt inn oppskrift til bladet. Kanskje eg skulle prøve denne?
God tur til Kongsberg!

Hildegard sa...

Den må også prøvast, men eg har problem med å tyde oppskrifta, så du må skrive litt meir når du kjem att frå turen.
Eidabesta

Besta sa...

Eg har ikkje noko problem med å lese oppskrifta når eg klikkar og forstørrar.Eg tenkte eg skulle behalde bildet og skrive om att oppskrifta for å få det penare. Men det må vere til eg kjem heim.

Hildegard sa...

Eg klarte å forstørre oppskrifta likevel, så takk for den. Har nok laga denne kaka i gamle dagar - som du kanskje ser er det Solveig Brendefur frå Nordfjordeid si oppskrift, ho er pensjonert lærar.
Eidabesta

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...