søndag, oktober 14, 2012

Vêrmelding 14.oktober - 2012

Klokka  er ca 13.00. Temperaturen ute er + 2 grader C. Det er overskya og litt hustre, men opplett. Vi saknar sola som har varma godt opp huset for oss på solsida siste dagane.
Eg har vondt i ryggen etter hagearbeidet i går, men det er slikt som går over.Det var derfor Nils gikk tur åleine i dag. 
Alle som har vore her i Ørsta i seinare tid,har lagt merke til eit stort hogstfelt i fjellsida her. Eg har ikkje tort meg så langt opp i bratta, men i dag tok Nils turen og tok bilde, slik at eg også fekk sjå. Det er utrulig mykje tømmer som er felt og ligg lagra.
Legg inn nokre bilde, men vi er ikkje fornøgde med fotoapparatet lenger.







2 kommentarer:

Bjørg sa...

Interessant å sjå hogstfeltet. Men ser litt farleg ut slik det ligg.

Besta sa...

Viss du såg siste Møre-Nytt såg du vel at Arne Ola skreiv om den store tømmerdungen øvst i Storebakken. Livsfarlig om ungar skulle våge seg oppå.