Klokka er no ca 20.30, temperaturen ute er + 7 grader og det regnar så smått.
Eg vakna åleine i dag; Nils hadde vakna tidlig og fare ut for å fiske, det er ganske lenge sidan sist han var utpå. Han fekk ikkje så mykje, berre fire mellomstore seiar, men vi har fisk til eige bruk.
I dag var ryggsmertene borte, så den bilsetekuren var kanskje ikkje så dum. Eg brukte føremiddagen til å ta att diverse husarbeid, og så vart det middag og lydbok på sofaen etterpå. Sidan det har vore fotballkampar på TV-en vår heile ettermiddagen, har eg lese ut boka eg heldt på med, og strikka ferdig eit lestepar. Eg er ikkje flink å kome meg ut når ikkje veret fristar. Men når ein er pensjo, kan ein gå tur midt i veka, eller fare på rek om ein det vil. Ein har friheit til det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar