Klokka er 19.15, temperaturen + 7 grader og det har vore overskya opphaldsvêr i dag.
Når ein har hatt fleire dagar med sol og lys, blir ein litt nedstemt når ein møter det grå lyset som eg assosierer meir med november enn med oktober.
Kjende at aktivitetslysta nådde ein minimum, så det vart ikkje mykje gjort i dag utan om det heilt nødvendige husarbeidet. Eg har strikka litt, men må vere litt forsiktig med det på grunn av ryggen.Kjenner at det gjer ikkje så godt.
Til middag hadde vi oppvarma ballj, og det var like godt i dag som sist. Vart nesten like mett også.
Held på med ein såkalla "Barcelonaroman" som til tider er nokså interessant, så det blir ein del lesing.
No må eg legge planar for morgondagen, slik at eg ikkje blir gåande å dra meg. Likar det eigentlig ikkje.
Bildet tok eg i går.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
3 kommentarer:
Vi hadde steikt ballj i dag, det var fantastisk godt.
Var der nok att,då?
Ja, det var der :)
Legg inn en kommentar