Klokka er 18.50, temperaturen er + 6 grader C, det har vore opplett i heile dag, med skodde nesten heilt ned. Det var ikkje så fristande å gå ut i første omgang, så eg fann på noko inne.
Først vaska er taket i stova med mopp på langt skaft. Det var ikkje så mykje arbeid, men eg måtte pause ofte, fordi eg vart låk i nakken. Kan ikkje garantere at det vart så godt vaska, men litt vask er betre enn ingen vask. Litt rart å ta det på ein sundag, men det er den dagen det sjeldan skjer noko, så då har eg god tid.
Og så fekk eg den meir eller mindre lyse ideen at eg skulle lage middag til meg sjølv. Eg sat i godstolen med lydbok då eg fekk auge på ei lita bok i bokhylla- med indiske middagsrettar. Eg visste at eg hadde kyllingbitar i frysaren, at eg hadde sopp i kjøleskapet etc. og veldig mykje krydder på lager. Ris har eg sjølvsagt alltid, så no måtte eg vere kreativ. Først steikte eg soppen og sette den til side. Kyllingen blei tint i mikroen og steikt i smør. Kylling, sopp, løk, kvitløk og paprika blei kokt i melk og fløte, krydra med Tikka Masala-krydder, karri m.m. og det blei slett ikkje gale. Det blei så mykje at eg har i morgon også. Når ein er åleine, må ein som regel ete det same to dagar i strekk. No må det seiast at den indiske retten min var langtfrå så god som den vi fekk på restauranten i går.
Det blei ikkje garasjerydding i dag, for eg sende melding til Marit, så ho kom ned og drakk kaffi med meg. Dagane er så altfor korte til å få gjort alt ein vil. Men eg får ikkje nok mosjon no når det er slutt på hagearbeidet, så no må eg vere kreativ på andre måtar også.
Akkurat no blir det vel å finne fram spøtet og sette på TV-en.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: torsdag18.april
Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar