Klokka har passert 14.00 og Nils kokar salta lange til middag. Ute er det skya vêr, men det ser ut til å bli lettare etter kvart. Temperaturen er + 11 grader. Det første Nils gjorde i dag, var å ta opp rota til den døde skjærsminen, den som ein gong var så vakker. For to år sidan fann eg ut at vi skulle klippe den skikkelig ned, så skulle den få fred å vokse og blomstre i mange år. Det gikk IKKJE bra.
I dag er eg skikkelig kry av meg sjølv. Å starte opp med å vaske og rydde skap, er ikkje det første eg gjer, for å seie det slik, men det er kjekt når ein først kjem i gang. I dag tok eg og vaska og systematiserte alle klesskapa våre, og oppdaga at vi har store mengder med klede hengande som sjelden er i bruk. Ikkje noko av det er gammalt. Så no blir det kjøpestopp. Kanskje. Eg får ikkje så mykje skryt her heime for det eg gjer, så no har eg lagt det inn på FB slik at eg kan få litt forståelse.Å rydde skapa mine på kontoret er ekstra kjekt, for då høyrer eg lydbok på datamaskina.
Håpet no er at det skal bli utever, så eg få ordne blomsterbedda før ugraset tek aldeles overhand.Slik såg skjærsminen ut før klipping.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar