Den 29 mai i året 2000 vart Amanda fødd.. Det var ein kald og regnfull dag, og slik vart heile sommaren.
Det året skjedde det veldig mykje i slekta vår, og det mest gledelige var vel at Amanda kom. Ho kom til verda med langt svart hår, lubben og god! Rolig og ganske alvorlig etter kvart som ho vaks til. Og vi tykte ho passa til å heite Amanda, slik som oldemora på Eid.
I dag fyller ho 12 år, og har vakse opp til å bli ei stor og flink jente, Ho dansar ballett, spelar fotball, spelar kornett i korps og har tenkt å lære seg å spele piano også. Ho er målmedviten og greier nok det ho set seg føre.
I dag skal vi feire henne i lag med foreldre, søsken og dei andre besteforeldra, noko som vi ser fram til.
GRATULERER MED DAGEN AMANDA.
(Dette bildet er tatt på Bulduks restaurant i dag.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar