tirsdag, januar 12, 2010

Med hue under armen.............

I dag skulle eg ta ut pengar i minibanken, men same kva eg gjorde, ville den ikkje ut med ei krone. Inne i banken er der ein annan automat, så eg ville prøve den. Den sprekka eg skulle putte Visakortet inni fann eg rettnok ikkje, berre eit stort gapande hol der den eigentlig skulle ha vore, så eg kasta kortet inn der.
Utan å tenkje på følgene. Ein bankmann som heldt på å reparere ein annan automat, antyda høflig at det alltid er lurt å lese på skjermen først. Eg var samd med han i det. Han beklaga at Visakortet var tapt for alltid, men eg skulle saktens få eit nytt tilsendt , og eg takka for det. Så skulle han ta ut pengar til meg, berre han fekk bankkoden min, og den hadde eg sjølvsagt i hovudet,er ikkje heilt blåst heller, men heller ikkje han fekk ut pengar.(Koden var rett.)
Og inne i banken er der ikkje eit øre å oppdrive.(Er dei redde for ran?)
I Volda er der to minibankar, og den andre vi prøvde, spytta endelig ut dei stakkars hundrelappane.På Nils sitt kort. Mitt var jo tapt, trulig makulert.
Så neste gong eg skal putte inn kortet, vil eg forsikre meg om at kortlesarboksen, eller kva det no heiter, er på plass. "Durch Schade wird man klug, aber nicht reich"-
PS: Venninna mi påstår at eg er ko-ko fordi eg er gammal, men det avviser eg fullstendig! Eg har vore ko-ko heile livet- sporadisk!

5 kommentarer:

solveig sa...

Ein er ikkje godt komen når ein er i nabobygda. Hadde ikkje eg fått pengar i banken her i bygda, hadde eg laga ei scene!

Besta sa...

Dei HAR ikkje pengar tilgjengelig i banken-når minibanken sviktar. Men den burde virkelig vere i orden til ei kvar tid.

Bjørg sa...

Det var ei ganske dramatisk historie! Neste gong banken sviktar, får du prøve Coopen.

Hildegard sa...

Den var god! Minner meg om klippa vi såg på TV med Fleksnes/Wesenlund/Heide Steen då visakort var eit nytt fenomen. Automatiseringa er ikkje berre av det gode. Det blir mindre bankran, men no skjer rana på internett.
Eidabesta

Besta sa...

Eg er eigentlig ikkje SÅ dum, men eg vart nok litt stressa, sidan vi skulle nå ferja bl.a.
Ein gong gikk vi rundt i heile Arvika utan å finne ein einaste Bankomat som var i orden. Men der fekk vi pengar inne i banken.
Eg betaler med kort på alle butikkar, så det er sjelden eg har bruk for kontantar.Nettbank har eg også.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...