fredag, januar 08, 2010

Vermelding 8.januar 2010.



Temperatur klokka 12.30: minus 15 grader.(Sikkert kaldare i sentrum)
Det er klårt og fint ute, med sol i fjella.
Vi ser skinet av sola inn på veggene i stova, men må vente til den 18. for å få skikkelig sol,om det er klårt då.
Har sett ein del på TV i dag f.m. der det stort sett er prat om ver og kulde.Konklusjonen er at vi vil få ein periode med kalde vintrar no, heilt uavhengig av global oppvarming. Slike periodar har vi alltid hatt.
Den første vinteren vi var i Ørsta, låg temperaturen jamnt på minus 20 grader, og det var mange kalde vintrar etter kvarandre. No har vi hatt svært milde vintrar i mange år, men perioden er visst over. Den som lever får sjå.
Varmetips i kulden:
Vi fann ut at varmepumpa var utan effekt i kulden. No har vi slått den av og henta fram ein vifteomn i staden.
I tillegg fyrer vi med ved. Vi varmar opp berre stova og kjøkkenet, så det går bra.
I senga har vi elektrisk varmeteppe, som vi slår av når vi legg oss.Dessutan søv vi med attlate vindu, noko som er heller sjeldan her i huset. Og som før sagt kler vi oss godt.
Det er ikkje verst for oss som kan vere inne heile dagen om vi vil, og ikkje har stort anna å gjere enn å passe på oss sjølve og kvarandre.Og fyre i omnen!
No har eg eit tips til møbelprodusentane:Elektrisk sofa.Det finst no elektriske stolar, så kvifor ikkje? Fekk idéen etter å ha lagt på sofaen med eit elektrisk varmeteppe under meg.(Skulle teste om det virka.)

2 kommentarer:

arieldog sa...

Heitt tips :) Sjølv sette eg på komfyren med opa dør for å få tempen opp raskt då eg kom heim...

solveig sa...

Det gjer eg på skulekjøkenet. Der har eg fem!
Varmepumpa vår verkar, men det er nok ikkje noko økonomi i å bruke den. her var det 20 minus i dag tidleg. Skulen stengd etter nye problem. Ein del langtidsplanlegging i dag.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...