lørdag, januar 09, 2010

Det store korslaget.

Det er stadige påminningar på bloggen om å stemme Team Simone, fordi ho representerer vår landsdel.
Dette kan eg ikkje godta, som før sagt. Eg meiner ein skal stemme på den ein likar best. Men det kjem an på så mykje, ikkje minst låtvalet. Kunsten er, meiner eg, å velje noko som er kjent, men ikkje heilt oppbrukt.Første gongen synda Simone stort, i dag bomma Aage. Bjarne bomma også på ein måte, men han fekk tilgjeving.(Fordi han er frå samme by som Åge Alexandersen).
Favoritten min var i utgangspunktet Team Aage, men første gongen fall eg for Team Joddski. I dag har eg sett programmet i reprise,så eg kunne ikkje stemme. Men hadde eg kunna, hadde stemma mi gått til Tuva, med Joddski på andreplass.Vart nesten sjokka då kordirigentane stort sett var samde med meg.
Eg skal  (noko motvillig) innrømme at eg ikkje har peiling på korsong. Har aldri sunge i kor, og eig ikkje sangstemme. Så kanskje eg like godt kan stemme patriotisk?

6 kommentarer:

solveig sa...

Koret som rauk ut fortente i alle fall ikkje å gå vidare med ein solist som sang så surt....
Låtane finst sjølvsagt i finare versjonar......

Besta sa...

Solisten/solistane er veldig viktige. Ho som song solo i Team Tuva i dag var veldig bra etter det eg kan forstå.

arieldog sa...

Berre stem patriotisk, du! Eg vart heilt rørt av Mia, som var solist i Volda-koret. Ho er elev hos oss! Eg heiar på Åge- og Joddski-kora eg òg.

Besta sa...

Eg kjenner ingen av dei som syng i Voldakoret.Hadde eg gjort det...............

Gjengen framma dala sa...

Team Simone hadde ein av min favorittlåtar no sist...men det var eit elendig arrangement, og eg synest det hadde gjort seg betre om det var ein av mennene som fekk soloen... Team Tuva var veldig bra, og eg kan ikkje forstå at dei ikkje kom høgare opp. Likte også team Åge. Har veldig sansen for han og arrangementet var veldig bra, ein safe melodi, men du verden kor flott!! Heilt einig, med deg, stem på den som er favoritten din, ikkje berre fordi koret kjem frå din del av landet!!
:-)

Anonym sa...

fint at du bruker videoen min:) alle sanger fra korslaget havner:
http://www.youtube.com/user/fykannet

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...