torsdag, januar 28, 2010

Bok nr.7- 2010:Senor Peregrino


Lat det vere sagt: Eg er ingen romantikar. I alle fall ikkje når det gjeld bøker.
Denne forfattaren blir samanlikna med Isabell Allende og Paulo Coelho, noko som eg til ei viss grad kan forstå.Men etter mi meining når ho ikkje opp til midja på Allende i alle fall.
Følte meg tilbake i ei fjern fortid då eg las denne boka, den tid då alt gikk bra til slutt, i alle fall i bøkene, og dei mest utrulige sammentreff kunne skje.
Likevel er ikkje boka utan sjarm. På ein eller annan måte minner boka om Øya, tema og innhald er interessant nok, men blir øydelagt av fortellestilen. Boka er lettlesen og enkel på alle måtar.

Her er til tider eit ordgyteri utan like. Eg ser ikkje bort frå at dette kan fungere betre i eit anna land og miljø enn vårt. Les gjerne om boka på nettet, og les gjerne boka.
Det eg gir uttrykk for er mi sterkt subjektive meining, og der er mange som meiner noko anna.

4 kommentarer:

Bjørg sa...

Eg fekk denne boka til jul, pluss den som heiter Drømmehjerte. Men eg er endå ikkje ferdig med Obama, så deretter er det desse to. Drømmehjerte først, trur eg.
Så får vi sjå om eg synest som du om dei.

solveig sa...

Eg har høyrt dei same skryte av denne og Øya, så underhaldande må den i alle fall vere....

Besta sa...

Boka har heilt sikkert underhaldningsverdi. Eg har eit uttrykk "nummeret før ukeblad"- det passar på denne boka.Så får andre meine det dei vil. Og for all del, den gode underhaldande fortellinga har ein verdi i seg sjølv.

Elin sa...

Eg er einig med deg i at det er enkel lesnad, men eg likte denne boka veldig godt, betre enn Drømmehjerte og Øya. Men Allende kan ho ikkje samanliknast med, det er sikkert, ho er jo ein einar!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...