Når eg tenkjer på alle dei fine dagane vi har hatt hittil i år, så er det litt dumt at vi skulle få dette veret ved midtsommar, men det kan enno bli fine dagar, kan ikkje gi opp håpet om sol og varme.
I dag har eg ikkje gjort noko særleg, eg gjekk opp til Marit på føremiddagen for ho var åleine heime. Eg visste at Margrete skulle komme til meg, men eg følgde ikkje godt nok med , for plutseleg såg eg bilen hennar nede på tunet mitt. Då gjekk eg sjølvsagt ned att. Margrete og eg drakk litt kaffi og prata ei stund og så for vi på KIWI og handla litt mat. Svein var på flyplassen og venta på bagasjen som dei ikkje hadde fått med seg på det flyet dei reiste med.
Eg har ikkje fått gjort noko ute i dag, men eg trong kanskje ein fridag? EG har no sett på TV-en men trur ikkje eg orkar å sjå fotball i dag. Eg har faktisk sett to heile fotballkampar til tross for at eg ikkje er særleg interessert. Men eg finn vel eit program som eg likar. Lurer på kva tid eg kan begynne å strikke igjen, på grunn av at høgre handa har vore låk har eg ikkje strikka etter jul, eg trur handa er bra no, men eg tek ingen sjansar.
Eg vil ønske alle som er innom her ei fin sommarhelg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar