fredag, juli 03, 2026

dagbok 2026:3.juli


 Klokka er no 19.13, temperaturen ute er + 16 grader C , det er overskya men opplett. På føremiddagen hadde vi regn. Eg visste ikkje heilt kva er skulle ta meg til å begynne med i dag, men eg enda opp med å lage ei stor panne full av blomkålsuppe, den vart god og eg å mykje,men har også litt igjen. Det vert litt meir variasjon i kosten no når Solveig hjelper meg å handle inn matvarene. Apropos så fyller eldstejenta mi 67 år i dag, og no er ho pensjonist, noko som eg nyt godt av også. 

.Eg kom meg ikkje til men noko særleg i dag, eg kan enno ikkje strikke sjølv om handa er blitt mykje betre.Men seint på ettermiddagen begynte eg å jobbe i hagen, Der som var jordbæråker før har eg lagt brakk og tenkte å sette poteter, men det blei ikkje noka av, så no prøver eg å ta bort att mold slik at eg kan legge der flatt, men det har vakse til med gras som eg må få vekk først. Det har eg altså halde på med no på ettermiddagen etter at det slutta å regne, har ein hage, har ein alltid noko å gjere i alle fall i sommarhalvåret.

 Eg synest det har vore sommar lenge, men dei som jobbar har nettopp fått fri. Margrete og Svein er komne heim at frå ferie, kvar Rasmus held seg veit eg ikkje, eg håper no dei kjem ein tur hit denne sommaren også. Eg skal ikkje reise nokon stad, eg trivst godt heime.

Sidan det er fredagskveld vil eg ønske alle ei god helg.



 

Ingen kommentarer:

dagbok 2026:3.juli

 Klokka er no 19.13, temperaturen ute er + 16 grader C , det er overskya men opplett. På føremiddagen hadde vi regn. Eg visste ikkje heilt k...