Det regnar ute, så då er eg inne.
Klokka er no 22.15 og eg er litt forseinhka med å skrive blogg, det er delsvis fordi eg har sett TV, ikkje fordi eg har gjort så mykje i dag. Tvert imot- På føremiddagen tok eg det som eg kallar "fredagsvask", men så er det visst berre torsdag når eg ser på kalenderen. Ja, no er det i alle fall gjort Etter at eg hadde vaska gjekk eg opp til Marit og vi sat ute på platten så lenge sola skein, men så skya det over, og eg gjekk heim. Eg var så trøtt at eg la meg på senga mi og sov, eg veit ikkje kor lenge, men det var ei god stund. Slikt brukar eg ikkje å gjere, og det gjorde at eg vart litt uviss på kva tid på dagen det var. Det vart ikkje til at eg gjorde noko ute i dag, for det har regna så smått, så eg har sete og sett på TV. Dagsrytmen er heilt øydelagd, så får eg vel ikkje til å legge meg i skikkeleg tid no då. Det gjer ingen ting, for det er ikkje noko eg skal eller må.
Eg ser på FB at Margrete er på veg heim, kvar Rasmus & Co er veit eg ikkje.I dag kom her ein mann med pakke til Erlend og han veit eg heller ikkje kvar er. Snart er vi vel samla igjen alle, håper eg. I morgon har Solveig fødselsdag i alle fall. Eg hugsar at då ho vart fødd på sjukehuset på Eid kom overlege Wennevold inn på stua der vi låg, og han spurde kva jenta mi skulle heite. Eg sa at eg ville kalle opp sommaren som vi hadde, så ho skulle heite Solveig. Det var verkeleg ein fin sommar det året. Litt mindre sol i år,kanskje. No har vi både sol og regn nesten kvar dag synest eg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar