mandag, november 12, 2012

Vërmelding 12.11.2012

Klokka er 20.30, temperaturen + 3grader C- og det har regna det meste av dagen. Føremiddagen var skoddefull og grå, men det letna litt opp rett før det mørkna. Det er typisk november. Det har kome meir snø i fjella, men heldigvis kom den ikkje heilt ned denne gongen.
Sidan det var stilt på sjøen tok Nils seg ein tur utpå. Han fekk ein del sei, av ein sånn halvstor storleik, men alt er betre enn ingenting.
Eg heldt meg heime med grytene. I dag var det "Margrete-mandag", det tyder at eg lagar mat til meir enn to. Det likar eg.Eg brukar å lage "gammaldags" mat når dei er her. Då blir det ofte,som i dag, heimelaga kjøttkaker og kjøt i masse heimelaga brun saus. Poteter, grønsaker og tyttebærsylte. Eg veit ein som skulle ha vore her i dag!! Til dessert vart det berre is i dag.
No har eg rydda, sett på oppvaskmaskina og vaska opp det som ikkje kom med der. 
Ei veninne ringde og vi fekk ein god prat. Eg synest det skjer noko kjekt kvar dag, om det ikkje er dei heilt store hendingane. No skal eg lese resten av boka som eg har halde på med ei stund, før eg bloggar ferdig om den.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt å få kose med barn og barnebarn. Her har det vore tannlegedag. Svein fekk ordna det han skulle i dag, men eg har minst ein dag til, så det blir ei dyr affære. I går fekk vi farsdagsbesøk av Max for første gong og han lika seg godt, sikkert mange gode lukter etter Viktor og Mira...

Margrete Trovåg sa...

Takk for oss :) Eg kan ikkje hugse sist eg laga kjøtkaker sjølv, så heimelaga gammaldags er kjærkome.

Besta sa...

Såg at Gilde sine medisterkaker var komne i handelen. Dei plar vere gode!