tirsdag, september 29, 2026

Dagbok 2026: 29.september


Klokka er no17.45 , temperaturen ute er +11 grader, og i dag har vi hatt både sol og skyer, men ikkje regn.

I dag hadde eg litt å gjere på føremiddagen, og det var ikkje husarbeid akkurat. Eg skulle ringe ei veninne først og så skulle eg på "Treninga mi" og seie at det blir ikkje noko trening på meg med det første. Det gjekk heilt greit begge deler. På heimvegen var eg innom KIWI-butikken og handla litt mat, det er stadig noko som manglar i kjøleskapet, men no trur eg det held ei stund. Så vart det ein tur opp til Marit som er heime igjen etter ein liten tur.

Etter at eg hadde fått i meg litt mat  ville eg jobbe litt i hagen, men først ville eg få  gummiplanten min opp i ei større krukke som Solveig kom med , det gjekk lett fint og eg syntest den blei finare med ein gong. Så spørst det om planten trivst på den nye plassen han har fått. Han fekk i alle fall meir mold med den store potta. 

Sidan det var så fint ver ,syntest eg at eg måtte gjere litt i hagen, så eg rydda litt her og der før eg sette meg på ein stol under altanen----og så kom Erlend heim frå sin nye jobb og vi måtte no prate, ikkje kvar dag eg ser han, sjølv om vi bur i samme hus. Sånn kan ein heil dag gå for ein pensjonist.

Apropos pensjonist så er det Eldredagen 1.oktober, Då skal der vere "markering" i Samfunnshuset her i Ørsta klokka15.00. Dit skal eg ! Eg har vore altfor lite på møter etc. i seinare tid, men når møta er her i bygda møter eg opp.

Eg har henta inn avisa som kom i dag, men har ikkje lese den ferdig enno.

Anna post var der ikkje i dag heller. De veit kva eg ventar på?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 29.september

Klokka er no17.45 , temperaturen ute er +11 grader, og i dag har vi hatt både sol og skyer, men ikkje regn. I dag hadde eg litt å gjere på f...