torsdag, november 15, 2012

Vêrmelding 15.11. 2012

                              Nils "rakar" lauv.
Klokka er 15.30, temperaturen er +7 grader C, det er overskya og regn av og til.
I dag har eg vore nokså flittig. Eg har støvsuga og vaska til helga, hengt opp klede og lagt i hop klede, og ikkje minst -skrive referat frå møtet i går. Eg slit litt med dei referata somme tider og dei blir ikkje alltid like bra. Det får stå sin prøve.
Nils har også jobba på. Vi brukar ikkje å rake lauv etter kvart slik som anna folk. Vi ventar til alt har falle ned og så fer Nils over med plenklipparen og samlar det opp. I år var lauvet tungt og vått, så han fekk ein hard jobb.Men så blir det veldig fint når han er ferdig.
Vi tok oss litt mat i 14-tida, men middag har det ikkje blitt enno.
Då eg la meg i går kveld, var eg redd eg ikkje kom meg opp i dag, så låk var eg i ryggen. Men eg tok eit par smertestillande tablettar, og vakna i dag, sprek som ein fole-eller berre nesten.Godt med alt som går over.
                      Himmelen over Ørsta klokka 16.00.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Det blir veldig fint i hagen. Her har det ikkje kome ned så mykje lauv på vår plen. Mest hos naboen som rettferdig er då det er deira tre.
Vi kom att sist sundag etter to veker med sommar på Lanzarote.
Eg synest du er svært flink å skrive referat. Eg brukar å lese dei.
Hans har i dag skrive eit innlegg i Østlandsposten. Johanne (14)seier det truleg er første gongen der har vore noko på nynorsk. Ho var skeptisk på om dei ville ta det inn av den grunn. Men det gjorde dei. Det handla om parkeringa i sentrum. No vil dei ha avgift alle stadar.

Besta sa...

Kjekt å høyre frå deg. Til neste helg reiser vi til KOngsberg. Nils har fått billett til Cup-finalen i Oslo i gåve av Øystein.
Takk for godord om referata mine, eg kan love at dette ikkje er verdens enklaste sjanger å skrive i.
Fekk no kokt i hop noko denne gongen også. Laurdag skal vi feire Nils sin bursdag med familiejulemiddag, kaker m.m.Hels til Hans ogElin-dei andre kjenner eg ikkje.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...