søndag, mai 24, 2015

Dagbok 2015: 24.mai

Klokka er 18.00, temperaturen er + 10 grader, det er overskya, surt og kaldt. Det er nysnø i fjella.
I året 2014 var det fint vêr heile tida, heilt til hausten kom, og eg trudde vi skulle ha det slik i 2015 også, men slik blei det ikkje. Ein så kald og sur vår er det lenge sidan vi har hatt. I pinsa brukar det ofte å vere fint-men ikkje i år. Det er ikkje ein gong fristande å ta ein biltur-så vi held oss heime. No er det ikkje synd i oss som har fri heile tida, og yngre folk orkar vel å vere ute om det ikkje er så varmt.
Dagen i dag har vore veldig sløv her i huset. Nils begynte tidlig å jobbe med lapskausen han ville lage til middag. Vi har diverse kjøt etc. liggande i div.frysarar, så det er greitt å få brukt opp noko. Og Nils likar å lage lapskaus. Eg tok ein telefon til ei venninne og prata både lenge og vel, så då eg var ferdig å prate var middagen også ferdig, men vi venta litt med å ete.Dessert hadde vi att frå i går, så no fekk vi gjort reint bord.
Etter middag shina eg skikkelig opp kjøkkenet, har rota med mykje siste veka så behovet var stort. Eg var bestemt på å ikkje somne på sofaen i dag, så eg sette meg ved datamaskina og la kabal mens eg las lydbok. Det gjekk bra ei stund, men så ville eg strikke litt......og så måtte eg berre halle meg nedpå litt. Hadde ikkje ein sjanse til å halde meg vaken.
Som de forstår skjer det ikkje altfor mykje her hos oss - det mest dramatiske som har hendt i dag var at Nils skar seg på ein flatbrødbit, men det såret er ikkje så spektakulært at eg kan legge det ut på FB.(Det er i munnvika, naturleg nok).
I morgon er det enda ein helgedag - og med like dårleg vêr ser det ut til. Eg likar best kvardagar no når eg slepp å gå på arbeid.
Nils har sett på TV- eg ser sjeldan TV før klokka 21, ca, men i dag trur eg at eg må sjå den danske "dronningmannen" lage mat.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...