fredag, mai 29, 2015

Dagbok 2015: 29.mai

Amanda fyller 15 år i dag -og vi  gratulerer !


Klokka slo nettopp 10 (22), og temperaturen er +10 grader C. Sola skin i fjella og det er ein nydeleg kveld.
Det har for så vidt vore fint i heile dag, i alle fall opphaldsvêr. Eg hadde vaska håret i går kveld, men frisyren var ikkje noko å skryte av. Dermed ringde eg frisøren, som ikkje var heime. Eg fann ut at eg kunne sjå om ein av frisørane i Vik hadde ledig time, og der trefte eg blink. Eg kom ut att frå salongen, både klipt og farga, men tykte sjølv eg såg ut som ei forelda utgåve av Ine Strøm Eriksen. Etter at eg hadde ruska det til litt sjølv kom det seg, så Margrete forkynte at det var ikkje så gale som ho hadde trudd.
Men det var seinare. Først handla vi litt, så åt vi lunsj og så måtte Nils klippe plen. Han slår "bio" -derfor må han slå ofte. Eg sat og rota med diverse på data imens.Vi hadde ein pause før vi kledde oss litt om til ballettshowet klokka 18.00.
Det var eit flott program, og Amanda var med i to nummer. Best gjorde ho seg i steppdansen, det var liksom heilt hennar stil. Ho er ingen tutu-dansar, og heller ikkje så "dramatisk" som Ingeborg, men stepp og humor kledde henne godt.Trur ho var bra nøgd sjølv også.
Sidan ho fylte 15 år i dag, var vi på Rosabella og åt pizza etter showet, og så køyrde vi jentene til Volda og ferja. Margrete og gutane + ein av Eirik sine kameratar, køyrde i Eirik sin bil.
No er det berre å håpe på fleire fine dagar til glede for kropp og sjel.
God helg! ønsker eg alle som er innom bloggen.
 (Tok ikkje bilde i dag, men skal legge inn eit par når avisbilda kjem på nett.)
Amanda lengst til høgre i bildet.
(Bildet er frå ei øving - ikkje frå ballettframsyninga.)
Dette bildet er frå framsyninga.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...