lørdag, mai 30, 2015
Dagbok 2015: 30.mai
Klokka er 20.40, temperaturen ute er +12 grader C, og det har vore opplett nesten heile dagen, men ikkje mykje sol.
Før middag var vi ein tur bort på Plantasjen og handla litt blomster. Ein kvit hortensia til trappa og ein rhododendron som vi planta i jorda.
Vi var innom Amfi ein tur også, så då vi kom heim var det tid for lunsj/middag. I dag vart det spekemat og potetsalat.Så vart det pause - før vi planta.
Nils hadde ein avtale med Olaug jr. om at ho skulle få ein køyretime med morfaren, så ho og Solveig kom i 17-tida. Vi drakk kaffi først, så sat Solveig og eg her og prata mens dei andre var på biltur. Solveig hadde handla seg litt klede på Amfi, ho hadde behov for noko nytt i desse eksamenstider.
Eg skulle varme noko bakverk i steikomnen i dag, og oppdaga at der var eit sterkt behov for eit vask. Så no har eg vaska og skrapa etc. Burde sikkert gjort det oftare.
No er det endelig eit musikkprogram på TV som Nils likar. Greitt nok med litt gammaldags musikk innimellom, berre det ikkje er danseband.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar