søndag, mai 17, 2015

Dagbok 2015: 17.mai.

Olaug og Audun.

Klokka er 18.40. temperaturen ute er +12  grader C. Der vi har vore har det vore opplett, delvis skya og periodar med sol. Varmt har det ikkje vore.
Vi var heime og såg litt på TV etc. før middag. Reiste så til Ulsteinvik, der vi plukka opp Olaug som hadde gått i tog under fana til Ulstein vidaregåande skule.
Både Solveig og Øystein hadde plikter på Hareid. Likevel hadde Solveig laga til rikelig med god mat til oss alle. Det var spekemat med potetsalat og poteter +røykelaks,eggerøre og brød. To dessertar: grunnlovsdessert (heilt nydelig) og gele med div. bær. Heimelaga vaniljekrem og vanleg krem til begge dessertane.
Audun var heime, men måtte fare med båten til Vigra klokka 15.30. Einar kom innom og Olaug bur framleis heime, så vi var nesten fulltallige. Håkon feira dagen i Oslo.
Både Amanda og Erlend spelar no i korpset på Folkestad, så Margrete og ungane var der. 17.mai er ein travel dag for dei som spelar i korps.
Det er lenge sidan vi feira 17.mai i Ørsta, og å trakke rundt for lenge er ikkje lenger noko for meg. Så vi er vel nøgde med dagen slik den vart. I morgon er det skuledag og arbeidsdag for den yngre garde. Full veke er det også. Men vi pensjoane har ikkje noko på programmet denne veka.
Eit år vi var i Solud fekk Solveig ein liten avleggar av kristtornen til onkel Rolf. Som de kan sjå trivst planten godt på Hareid, og er no både høgare og breiare enn Nils.Der brukar å kome bær på treet også, men ikkje på denne årstida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...