fredag, mai 15, 2015

Dagbok 2015: 15.mai.


Dette bildet fekk eg av bror min. Dei som er kjende i Nordfjord har nok sett det karakteristiske fjellet i bakgrunnen.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen er 14,4 grader C, og det har vore ein strålande dag - med tanke på vêret. Eg vakna tidleg og stod relativt tidleg opp, sidan eg såg det fine vêret. Etter frokost tok eg helgavask på bad og kjøkken, men støvsuginga tek eg i morgon. Var ute og prata med naboar, og så brukte eg kantklipparen på grensa mot naboen.

Nils har eit voldsomt lidenskapeleg forhold til plenar. No har han gjødsla og klipt og tatt opp løvetenner i fleng. Han plar gjødsle rikeleg kvar vår for å unngå mose, det brukar å resultere i stygge brune flekkar som varer halve sommaren. Men i dag måtte eg skryte, for ein gongs skuld: Plenen er perfekt! Det har regna så mykje at gjødselen ikkje har fått "brenne" graset.
Eg var spent på korleis eg ville føle meg etter turen i går, eg har jo knapt gått ein skikkelig tur på aldri så lenge. Faktisk vart eg ikkje så låk som eg frykta, men eg får ta det litt forsiktig heretter, gå kortare turar innimellom. Eg har sjøvsagt vondt både her og der, med det er til å leve med.
Etter lunsj la eg meg ut på solsenga med lydbok, eg har lært meg til at ein må nyte sola mens ho er framme. Sjølvsagt somna eg opp til fleire gonger, men eg har i alle fall fått lese to plater av ei ny krimbok som eg henta på biblio på onsdag.
Sidan vi skulle ha kokt lange i dag, var det Nils som var kokk; vi er nettopp ferdig med middagen og no er kaffien klar.
Sola skin framleis, men det har kome eit tynt lag av skyer på himmelen. Tenk om ein hadde fått slikt vêr på 17.mai.
No fann Nils ut at han skulle ut og sjå etter båten og dorge småsei til agn på lina. Då får eg ta fram støvsugaren-!

Bilparken i Starevegen veks

1 kommentar:

Hildegard sa...

Nydeleg lange på oss også i dag, takk til Nils!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...