mandag, mai 11, 2015

Dagbok 2015: 11.mai

Klokka er snart 19.00,temperaturen ca +12 grader C. I dag har det vore overskya og delvis regn, men grasvoksteren er god.
I dag har det vore arbeidsdag og innedag i pensjo-heimen. Ja, Nils har no vore eit par ærend, men eg har ikkje vore utfor døra.
På føremiddagen kokte eg plommesylte av frosne plommer frå i fjor. Nils fylte sylta på glas og bar den ned. 4-5 kilo plommer og ca 0,6 kg sukker var oppskrifta. Plommene var søte i seg sjølv. Så kan Nils ete litt syltetøy også.
Elles baka eg 8 brød, og gjorde litt "kontorarbeid" innimellom. Nils av-isa den store frysaren i kjellaren, som var nesten tom. No er det berre å fylle opp att. Vi prøver å passe på at det ikkje vert liggande att mat som blir for gammal.
Frysedelen på kjøleskapet på kjøkkenet har ein tendens til å bli fylt opp med diverse restar, men når ein bakar brød, kan ein vere litt kretiv. I dag vart det heil-grove brød med vaniljeis (varma i mikroen)- dei smakte fortreffelig. Grensa går ved "balljesåd" seier Nils, men eg veit at det vart brukt i brød før i tida.(Kanskje no også?)
Til middag hadde vi fiskekaker frå den før omtala frysaren. Heilt grei mat.
Vi klarer å fylle dagane med relativt fornuftige aktivitetar, men vi kjem liksom aldri i mål.Det er mykje arbeid som står på vent. Alltid. 
I morgon er det det siste pensjonistmøtet før sommarferien. Vi har jobba litt meir enn vanleg med pensjonistsaker siste tida, sidan Nils har vikariert for kasseraren i tillegg til det vanlige.
I morgon kjem Per Jansen med program om Evert Taube. Han har vore her før med Prøysen-program og det var veldig kjekt, så eg reknar med det går fint i morgon også. Vi starar dagen med borddekking klokka 12.00, og så begynner møtet klokka 16.00.
Eg synest det er veldig kjekt at eg framleis kan vere blant dei som er aktive i styret. Eg vil heller vere det enn berre publikum. Kjekt så lenge ein er brukande til noko, tenkjer eg.
No held sola på å kome fram, litt i seinaste laget, synest eg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...